SK Brann - Ham-kam
Posted: Thu Jun 29, 2023 1:35 pm
Då Hamkam rykka opp for to sesongar sidan, såg eg fram til endeleg å gjesta Brann stadion igjen. Min første Kamma-kamp var borte mot Brann, hadde sitteplassar under tak, men det regna skrått ned over oss. Hugsar ikkje stort frå kampen, men Eddie Gustafsson stod i mål og heimelaget vann 2-0 etter skåringar av Robbie Winters og Paul Scharner.
Brann rykka diverre ned då Kamma gjekk opp, men no er det altså klart for eit stort oppgjer, og eg tek meg fridomen å starta tråd.
Hamkam ligg nest sist og har sju poeng etter 11 kampar, og har skåra minimalt med mål i ligaen i det siste. Lite tydar på at dei skal ha noko å koma med mot Brann som har htt kronisk god fart i segla i over eit års tid, og krona det heile med cupgull for nokre veker sidan. Dei er aggressive og går rett i angrep når dei vinn ballen. Bård Finne har blomstra og skårer omlag i kvar kamp.
Likevel kan dette vera eit godt tidspunkt å møta Brann på. Møller Wolfe og Rasmussen er gått, og Heltne Nilsen er ute med suspensjon. Brann kjem frå 1-3-tap i Stavanger og 1-7-siger mot Brattvåg. Kanskje kan ein håpa på at folk har dratt på ferie, at stadion ikkje blir utseld og at temperamentet i klubben har mildna seg noko. Dette er eit vagt håp, og Brann blir uansett å stilla ein sterk ellever.
Hamkam må sjølv stå opp samt ha marginar noko meir på si side om det skal bli noko frå kampen. Det trengs poeng! Håpar på ein riktig god gjeng kameratar i borteseksjonen. Har trua på Kamma òg denne sesongen. Så lenge det er liv, er det håp.
Kor samlast ein før kamp?